Piggen

Galdhøpiggen

Galdhøpiggen med sine 2469 meter over havet er både Noregs og Nord-Europas høgste fjell. Dette er ein relativt enkel tur som passar dei fleste, og er veldig godt egna for barnefamiliar.

Randonee i Jotunheimen

Vinter og vår er ei fantastisk tid for skiturar i Jotunheimen og Breheimen, med sesong langt ut i juni. Bli med på tur innover snødekte fjell, og opplev flotte nedkøyringar på over 1000 meter.

Grottetur i Dumdalen

Kalksteinsgrottene i Dumdalen byr på underlege og utrulege bergformasjonar, og dette i ei stillheit som berre vert avbrote av den mektige elvebrusen som dundrar gjennom dalen.

Tinderangling

I Lom og Jotunheimen finn vi mesteparten av fjelltoppane i Noreg over 2000 m.o.h. Dei mange og majestetiske toppane ligg der i sin fredfulle natur og berre ventar på å verta bestige og opplevd.

Bøverbreen2

Brevandring

Ein dag i blåisen kan by på eit minne for livet. Her tek vi oss god tid til å utforske breen sine formasjonar, og kanskje får du oppleva både sprekkar, tunellar, istårn og snøbruer i løpet av dagen.