Brevandring

Ein dag i blåisen på Bøverbreen eller Svellnosbreen, kan by på eit minne for livet. I Jotunheimen har vi isbrear i ulike former. Dei flate
breane med få sprekkar vert ofte brukt for å få tilgang til ein fjelltopp, medan dei meir spektakulære breane vert nytta for opplevinga.

 

Målet med ei brevandring er ikkje å koma lengst mogleg på den tida vi har, men å oppleva noko. Vi legg derfor opp til å gjera deg
merksam på det vi har rundt oss av plante og dyreliv, formasjonar i isen og historiane bak dette. På brevandringane utforskar vi breane med det dei har å by på av sprekkar, tunellar og tårn i isen. Førebu deg på ein avslappa og triveleg tur der skjerpa sansar står i fokus!

 

Ein tur på Bøverbreen frå Krossbu tek om lag 5-6 timar, og av dette får vi 3-4 timar på isen. Svellnosbreen har litt lengre innmarsj frå
Spiterstulen, men gjev like lang tid på isen. På brevandringane har vi god tid, og tilpassar program og nivå etter deltakarane sitt ynskje.
Breane er alltid vakre, men kan vanlegvis vera meir spektakulære mot slutten av sumaren.

 

Pris: 3500,- per førar (min 3, maks 6 deltakarar)

 

Kontakt oss for spørsmål og bestilling