Galdhøpiggen

Det tek om lag 45 min å kjøre med bil frå Lom og opp til Juvasshytta. Den siste mila frå Raubergstulen til Juvasshytta er det bomveg som kostar kr 100,00 (betalast med kort). Frå Juvasshytta på 1840 m.o.h, går fyrste etappe gjennom steinur i lett terreng inn til Styggebreen der vi bitt oss inn i taulag. Vidare tek det om lag ein time over breen, før siste og tyngste del av turen går opp Piggeura. Totalt brukar vi omtrent 3 ½ time til toppen, og 2 ½ time ned att, i tillegg til gode pausar.

 

Vi tek på oss guiding av både små og store grupper, og legg opp turen etter gruppa sitt nivå og ynskje. Gruppa og opplevinga er i fokus under heile turen. Vi har ikkje daglege turar til Galdhøpiggen, men er klare for tur om du ynskjer eigen guide for familien eller gruppa.

 

Pris: 3500,- per førar (inntil 15 deltakarar)

 

Kontakt oss for spørsmål og bestilling