Kontaktinformasjon

E-post: post@fyrstogfremst.no

Telefon: (+47) 93 66 11 18

Adresse: Ulstadveg 26, 2686 Lom


Litt informasjon til deg som vil vera med på tur

På heimesida finn du eit utval turar og opplevingar vi tilbyr, men vi kan og hjelpe deg å gjennomføre opplegg som ikkje er beskrive her. Vi har ikkje noko online bookingsystem, ettersom vi ynskjer dialog med den enkelte før bestilling. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål, ynskjer å bestille tur eller treng forslag til nye utfordringar. Fyll ut kontaktskjemaet, send ein epost eller prøv oss på telefon. Vi trivst rettnok best i fjellet og kan ikkje alltid svare same dag, men svar vil du få!

Kontaktskjema

Ditt namn

E-post

Telefon

Emne

Melding

Generelle vilkår for føring


FØRESETNADER
Opplevinga skal i størst mogleg grad vera i tråd med den enkelte og gruppa sine føresetnader. Det innebær blant anna fysisk form, ferdigheiter, erfaring og utstyr. Det er viktig at den enkelte deltakar tek omsyn til dette ved val av tur og bestilling. Spør om du er i tvil.

 

ANSVAR OG MEDANSVAR
Å delta på fjellsportopplevingar kan innebære ein viss risiko for uhell og skadar, og vi legg til kvar ei tid opp til å minimere denne risikoen og konsekvensane. For å få til dette involverar vi i stor grad gruppa i våre vurderingar undervegs på turen. Vegleiaren har alltid det overordna ansvaret for sikkerheiten til gruppa, men ein føresetnad er og at kvar enkelt deltakar er medansvarleg og følgjer vegleiaren sine instruksjonar. I mange situasjonar kan dette vera avgjerande for både den enkelte og gruppa sin sikkerheit.

 

FORSIKRING
Vi tilbyr ikkje avbestillingsbeskyttelse, reise- eller ulykkesforsikring på våre opplegg. Den enkelte deltakar må sjølv sjå til å ha teikna nødvendig reise- og ulykkesforsikring.

Vilkår for påmelding og betaling


PÅMELDING OG BETALING
– Ved påmelding sender vi ut ein faktura med eit depositum på kr 1000,- per førar per dag. Dette beløpet vert trekt frå sluttsummen.
– Sluttsum fakturerast 14 dagar før turen, med betalingsfrist 4 dagar før turstart.
– Ved bestilling nærmare enn 14 dagar, vert heile beløpet fakturert samtidig.
– Påmelding er forpliktande for begge partar når deltakar har betalt minimum depositum.

 

AVBESTILLING OG REFUSJON
– Ved avbestilling minst 14 dagar før tur får du att depositumet.
– Ved avbestilling mellom 4 og 14 dagar før tur beheld vi depositumet.
– Ved avbestilling etter betalingsfrist på faktura eller ikkje oppmøte, betalast summen for heile opplegget.
– Ved bestilling for større grupper kan det avtales andre vilkår for avbestilling og refusjon.

 

VED DÅRLEG VÆR ELLER DÅRLEGE FORHOLD
Ved dårleg vær eller dårlege forhold på den planlagte turen, kan vi verta nødt til å endre opplegget. Ved slike tilfelle gjer vi så godt vi kan for å leggja til rette for eit alternativt opplegg som er så likt det originale som mogleg. Deltakarane betaler då for det opplegget som vert gjennomført. Dersom vi ikkje kan tilby eit alternativt opplegg, får deltakarane refundert det innbetalte beløpet.