Fyrst og Fremst er ei opplevingsbedrift som vert drive av Iver Lund Aakre, med tilknyting i Lom. Vi tilbyr privat føring for mindre grupper og familiar, og har fokus på personleg føring som er tilpassa kunden. Med oss får du storslåtte fjellopplevingar under trygge og pedagogisk gode forhold, i tillegg til at vi kan tilby gode lokalkunnskapar.

Ein felles lidenskap for fjellet!

Iver spiralen

Iver Lund Aakre (f.1993)

Eg er oppvakse i Lom med omkringliggjande fjell og Jotunheimen som leikegrind. Med friluftsliv, fjell, ski og bre frå barndommen, har eg hatt ein variert oppvekst som seinare har lagt grunnlaget for kunnskap og erfaring i å gjeva gode fjellopplevingar. Trass ung alder har eg god erfaring med ulike aktivitetar i fjellet, og spesielt det å ha med grupper på tur. Eg er utdanna faglærar i kroppsøving og idrettsfag frå Norges Idrettshøgskole, noko eg tek med meg i arbeidet med menneske ute i naturen. Eg har i tillegg eit år med friluftsliv frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, med hovudtyngde innan naturguiding og naturbasert turisme, alpin skiferdsel, klatring og friluftsliv og psykisk helse.

Erfaring
Assistent hjå Jotunfjell Leirskole 2010 - 16

Guide for Raubergstulen Turisthytte 2012 - 15

Faglærar Kroppsøving og Idrettsfag - Norges Idrettshøgskole 2012 - 15

Friluftsliv ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 2015 - 16

VÅRE GUIDAR

Jostein Skagsnebb

Jostein Aakre (f.1966)

Faglærar Idrett - Elverum Lærerskole 1985 - 88

Mellomfag Friluftsliv - Norges Idrettshøgskole 1992 - 93

Lom Fjellføring 1990 - 98

Jotunfjell Leirskole 1994 - 2016