Randonee

Vinter som vår er altså ei fantastisk tid for skiturar på både fjellski og randonee. Området er lett tilgjengeleg, og ein kan blant anna velja lange turar i slakt terreng innover og gjennom Jotunheimen sine dalar, eller ein kan gå brattare og meir krevjande turar som gjev flotte nedkøyringar opp mot 1000 høgdemeter. Dei lengre turane kan vera betre å gjennomføre på fjellski, men ein kan likevel koma seg oppom toppar over 2000 m.o.h. Ein kan og ha lange turar på randonee, men her vil ein ofte gå brattar oppover for å å få brattare køyring nedover att.

 

Ved alle randoneopplegg, skal deltakarane møte kvelden i førevegen til eit ferdråd. Dette for å møte guiden, men og for å gå gjennom utstyr, sjå til at alt er i orden, og verta einige om turmål til neste dag. På desse turane er det opning for ynskje om spesielle turval, og ferdrådet vert nytta til å finne den best egna turen ut frå føresetnader, vær og føreforhold.

 

Turane har vær og føreforbehold, men skiopplevinga står i fokus, og vi finn alltid ei alternativ løysing som gjev best mogleg utbytte. Nedanfor fylgjer eit lite utval av dei mest brukte turane vi tilbyr, i tillegg til innføring i randonee og trygg ferdsel på ski i høgfjellet. Skulle ikkje opplegga passe er det berre å ta kontakt, så tilpassar vi og finn den riktige løysinga for deg.

 

Pris: 3500,- per førar (maks 6 deltakarar)

 

 

Velkomen til flotte skidagar i Jotunheimen, Breheimen og Sognefjellet!

Innføring i randonee

Denne dagen går til ei innføring i bruk av utstyr og sikkerheitsutstyr brukt til topptur på randoneeski. Vi tek opp tema som korleis ein førebur seg på tur, kva ein bør ha på kroppen, og i sekken. I tillegg vil du lære om turteknikk og trygg ferdsel i fjellet. Vegval og skredproblematikk står difor på dagsorden, og vi går gjennom korleis ein kan gå rasjonelt og trygt på veg opp, men og korleis ein skal koma seg trygt ned att. På tur ned vil vi og bruke tid på skiteknikk, slik at du kan meistre og justere skikøyringa di etter terreng og snøforhold. Dette kan vera ein fin intro til deg som har kjøpt, eller vurderar å kjøpe toppturutstyr.

Kurshelg randonee

Vi arrangerar randoneekurs for nybyrjarar og vidarekomande. Dette er ei kurshelg som strekkjer seg over 2 ½ dag. Oppmøtekvelden vert det teori, gjennomgang av utstyr og planlegging av komande turar. Fyrste turdag vert ein enkel topptur med gode øvingssituasjonar, medan dag to vert tilpassa gruppa sitt nivå.

Pris: 7000,- for ein guide heile helga (2-6 deltakarar)

Les meir

Bjørnbrean

Storebjørn (2222 moh)

Som høgste topp i Smørstabbtindmassivet, er Storebjørn ein av dei mest populære vårskiturane frå Krossbu og Leirvassbu. Vi går frå parkeringa ved Sletthamn i Leirdalen, og har her jamn stigning heile vegen til toppen. Den siste stigninga mot toppen er noko brattare, men overkomeleg for dei fleste. Toppen er luftig og har ei fantastisk utsikt når været er med oss. I tillegg gjev turen ei lang og flott nedkøyring på gode 1000 høgdemeter.
Distanse: ca 6,5 km
Tidsbruk: 6-8 timar

Skagsnebb

Skagsnebb (2003 moh)

Den optimale toppturen på randonee, med 1000 hm jamn stigning som gjev mykje god køyring for strevet. Frå Geitsetra krysser vi elva og går opp mellom Hurra og moreneryggen på venstreside i om lag 25grader bratt terreng. Hurrbrean er lettgått før vi går opp den noko brattare delen til ryggen mellom Skagsnebb og Bakarste Skagsnebb. Ryggtraversen til toppen er smal og luftig, men ei fin avslutting ut til toppunktet.
Distanse: ca 3,5 km
Tidsbruk: 4-6 timar